Kontakt

Åtgaum Design
Sandvik
5419 Fitjar

Torhild Hovstad
476 29 336
torhild@atgaumdesign.no
atgaumdesign.no

Nyhender

Åtgaum flyttar!
Frå fredag 23. mars vert eg å finna i nytt kontor, i 2. høgda i Theo-bygget på Fitjar. Der skal eg dela kontor med Fotograf Per Egil Larsen, som og har fotostudio der. Me kjem til å samarbeida opp mot både private og bedriftskundar. Meir info om dette kjem seinare.

Samtidig har eg mange nye og spennande jobbar på gang, både flygeblad, logoar, profileringsmatriell og andre trykksaker. Flott at fleire og fleire fokuserer på lokalt samarbeid.


Posted on 19 Mar 2012 by Torhild
2012
Juleferien er over for lengst, og eg har gjort litt forskjellige jobbar sidan sist. Eg har og vore på kurs i Indesign, og satsar på mange spennande jobbar framover, så eg får testa ut det eg har lært, og får meir erfaring med programmet.


Posted on 26 Jan 2012 by Torhild
Juleferien nærmar seg

Eg tar juleferie frå kontoret no, men er fortsatt og treffe på både telefon og mail visst det skulle vera noko. Eg kjem sjølvsagt inn på kontoret visst det er bruk for det.
Eg minnar igjen om at eg ikkje har faste opningstider på kontoret, ta kontakt på telefon eller mail for å vera sikker på at du treff meg visst du skulle ta turen.

Eg vil med dette ynskje dykk alle ei god jul og eit godt nyttår.


Posted on 21 Dec 2011 by Torhild
Oppdaterte sider
Dei forskjellige undersidene er no oppdaterte med nye oppdrag eg har hatt. No fram mot jul har eg både vert utleigd og hatt eindel arbeid på kontoret. Kjekt at fleire lokale bedrifter vil bruka meg. Eg har blant anna hatt nokre oppdrag for Fitjar Kultur og Idrettsbygg. Sjekk ut facebook gruppa deira, mykje spanande arrangemang framover.

Minnar om at eg ikkje har faste kontortider, då eg er utleigd ofte, så skal du vera sikker på å få tak i meg, kontakt meg på telefon eller mail. Kontaktinfo finn du her på sida, til venstre.


Posted on 21 Dec 2011 by Torhild
Stadig nye oppdrag


Åtgaum Design laga for litt sidan, faldar til den nye kulturhistoriske turstien i Fitjar. Eg takkar kommunen for oppdraget, og håpar mange prøver ut den nye løypa. Den går frå Håkonarparken, til Kongsbrunnen, forbi kyrkja og vidare til Rimsvarden. Faldaren kan du finna på kommunehuset, og på kvar av plassane i løypa er det sett ut informasjonstavler.
God tur!

Elles vert det ingen feriestenging her i Åtgaum, ta kontakt visst du har ein jobb du treng hjelp med! Her går det i plakatar for Fitjarfestivalen, og valavis for kommunen for tida, i tillegg til at eg er utleigd til Sunnhordland nokre dagar i løpet av sommaren. Så visst du vil besøkje meg på kontoret, kan det vera lurt å ringe/maile og avtale på førehand. God sommar!


Posted on 11 Jul 2011 by Torhild
Nye oppdrag
Det er blitt vår og Åtgaum jobbar seg sakte, men sikkert opp og fram! Nye oppdrag er på gang, dei vert lagd ut på nettsida når dei er ferdigstilte, og eg har også leigd meg ut ein del, og det vert meir framover sommaren.

Men det er fortsatt ledig kapasitet! Treng du noko til bedrifta di, ei brosjyre, ein logo, hjelp med markedsføringa? Eller treng du som privatperson, ein invitasjon, takkekort, kanskje ein bryllupspakke? Ta kontakt, eg hjelper deg gjerne!


Posted on 25 May 2011 by Torhild
Poteter frå Fitjar


Til lokale bønder, som prøver å få Fitjarpoteta til å bli ein merkevare att, har eg designa logo, potetsekker og profileringsmatriell som t-skjorter, jakker og plakater. Eg ynskjer dei lukke til med prosjektet og håpar Fitjarpoteta igjen blir populært.


Posted on 18 Feb 2011 by Torhild
Åtgaum Design har fått seg kontor


Programvaren er no på plass, og eg er klar til å ta imot nye og spennande oppdrag! Du finn meg i 1. etasje på Fitjar Meieri (der Tømrarane Torvund og Tislevoll var før), kom innom for ein prat, eller ring for å avtale eit møte. Kjem du langveis frå kan det vera lurt å avtale på førehand, då eg ikkje har faste kontortider, og kan hende er ute på oppdrag. Velkommen!


Posted on 15 Feb 2011 by Torhild
Åtgaum Design med nye nettsider
Åtgaum Design er no oppe og går, med nettsider levert frå KHaugland Webdesign

Her vil det etterkvart komme nyhender frå Åtgaum, og oppdrag eg har gjort. Det vil og komme inn døme på tidlegare jobbar, på dei forskjellige undersidene.


Posted on 15 Feb 2011 by Torhild

<< Previous 1 2 Next >>

Content Management Powered by UTF-8 CuteNews