Kontakt

Åtgaum Design
Sandvik
5419 Fitjar

Torhild Hovstad
476 29 336
torhild@atgaumdesign.no
atgaumdesign.no

Om Åtgaum

Åtgaum Design vart starta i byrjinga av 2011 og er eigd og driven av Torhild Hovstad. Åtgaum er nynorsk og betyr merksemd/å bli lagd merke til.

Eg vil ha som hovudmål å tilby grafiske tenester, i form av til dømes trykksaker, profil/logo, webannonser, avisannonser til både private og bedrifter. I tillegg satsar eg på å leige meg ut til andre grafiske bedrifter som treng hjelp på timebasis eller til einskilde oppdrag.

Eg er faglærd mediegrafikar og har jobba i avis tidlegare. Der jobba eg med alt frå webannonser, avisbrekking, annonser, trykksaker, og anna profileringsmatriell. På denne måten har eg jobba meg opp ei brei erfaring innan grafisk programvare, og set meg fort inn i nye program, noko som gjev meg eit fortrinn ved utleige til andre bedrifter og til å best mogleg møta kundens behov.

Hos Åtgaum Design skal kunden vera hovudfokus. Å vera opptatt av å forstå kundens behov gjennom god kommunikasjon og god forståiing for kva kunden treng. På denne måten får ein kort veg frå ide til ferdig produkt.