Kontakt

Åtgaum Design
Sandvik
5419 Fitjar

Torhild Hovstad
476 29 336
torhild@atgaumdesign.no
atgaumdesign.no

Nyhender

Forandring fryder
Etter ein hektisk slutt på 2014 med mykje jobb som innleigd i avisa Sunnhordland, vert ikkje 2015 mykje rolegare!

Eg har takka ja til ein 80% prosjektstilling i eitt år hos avisa, frå 1. februar.
Slik sikrar eg ei meir fast inntekt samtidig så eg får kjekke kollegaer og gode mogleikar til å vera kreativ ilag med andre og ikkje bere vera for meg sjølv. Dette trur eg er veldig positivt for mi eiga utvikling innan faget og kjem sjølvsagt også kundar til gode.

Eg legg på ingen måte ned Åtgaum, eg tar fortsatt på meg jobbar, og vil jobba med firmaet måndagar når eg skal ha fri frå avisa, og elles etter arbeidstid eller når det måtte passa. Den einaste forskjellen for mine kundar er at fristane for jobbar vil verta litt lengre, då eg ikkje har tid å ta alle jobbar "på sparket" på same måte som før.

Så det er bare til å ta kontakt for jobbar framover. Målet for 2015 er å få fleire privatkundar innan trykksaker til store begivenhetar, jobbar med forslag som eg vil leggja ut her og på facebook. Eg skal prøva å få ordne heimesida, men enn så lenge, er det facebooksida som vert mest oppdatert framover. Følg med der!


Posted on 22 Jan 2015 by Torhild
Sidan sist
Tida strekk ikkje alltid til, når det gjeld og oppdatere heimesida.
I tillegg har eg litt tekniske problem så om du vil følgje med og sjå jobbar eg har laga fortløpande, kan du følgje Åtgaum på facebook, eg får ikkje lagt inn link heilt endo men jobbar med det, gå inn på facebook og søk på Åtgaum Design så finn du sida.

Elles er det berre å ta kontakt om du treng hjelp til noko, både bedrift og privat, eg kan hjelpa!


Posted on 01 Oct 2014 by Torhild
Flyttar kontoret heimatt
Åtgaum pakkar sakene og tar dei med seg heim!

Etter at Fotograf Per Egil Larsen fann ut at han ikkje hadde bruk for kontor lenger, vart det tomt og stille på kontoret. Og sidan eg heller ikkje har så god tid å vera der fann eg ut at det greiaste var å flytta til heimekontor att.

Dette betyr ikkje at verken eg eller Per Egil har slutta, Per Egil har fortsatt fotostudioet sitt og tar på seg oppdrag, og eg fortsett like sterkt på heimekontoret, så det er bere å ta kontakt for store og små oppdrag!
Meg når du alltid på mail eller telefon, og det går fortsatt an å få til kundemøter andre stadar enn på kontoret, så ikkje nøl med å ta kontakt :)


Posted on 21 Feb 2014 by Torhild
Ledig for oppdrag
2014 er godt igong, og eg har ledig kapasitet. Både bedrift og privat, ta kontakt!
Brosjyrar, folders, dm, avis, årsmelding? Annonser i avis eller på nett?
Eg ordnar det meste, rimelegt og raskt levert.

Jobbar frå 2013 kjem etterkvart inn som eksempel på sida, har vært litt dårlege oppdateringar i året som har gått.


Posted on 22 Jan 2014 by Torhild
Treng du invitasjonar, bordkort eller anna til ein stor dag?
Eg kan hjelpa deg! Eg lagar både invitasjonar, bordkort, takkekort, menyar og anna som ein kan trenga til både dåp, bryllup, bursdag, konfirmasjon eller anna. Eksempel på slike jobbar kjem snart på heimesida.


Posted on 22 Jan 2014 by Torhild
Juleferie
Her har det vore travelt i det siste. Mykje utleigd i tillegg til mykje kjekk jobb utanom. Fleire og fleire kundar som kjem att og att, det er kjempebra!

Neste veke vert det skiftjobb og redusert kapasitet, og så er det juleferie til januar. Men om det skulle vera noko akutt, ta kontakt så skal eg sjå kva eg kan få til. Eg har litt problem med å få leggja ut nye ting eg har laga på nettsida, men om du følgjer meg på facebook oppdaterer eg den sida ofte, gå inn og lik sida! God jul til både gamle og nye kundar!


Posted on 14 Dec 2012 by Torhild
Siste nytt
Sidan sommaren har det vore travelt hos Åtgaum. Mykje jobbing som innleigd i Sunnhordland, i tillegg til andre ting. Har jobba med Fitjarfestival, Revyfestival, logoar til diverse bedrifter, plakatar om alt frå personlege trenarar til gratiskonsertar. Mykje spennande jobb og mykje spennande som skjer på Fitjar!

Sidan sist har eg og skaffa meg lamineringsmaskin for A3 og kuttemaskin for ark heilt opp i A2 storleik. I tillegg delar eg kontor med Per Egil Larsen, som kan skriva ut opp i 60 cm breidde og så langt du vil, både på vanleg papir, plakatpapir, vinyl og mykje meir. Du finn oss begge i 2 etasje over Årskog Elektro på Fitjar


Posted on 19 Oct 2012 by Torhild
Fitjarfestivalen
Sidan sist har eg samarbeid med KHaugland Webdesign og laga ny nettside til Fitjarfestivalen. Eg skal i tillegg hjelpa dei med å laga Fitjarfestivalen-avisa ilag med Sunnhordland. Flott å få vera med å sponsa eit slikt positivt tiltak i bygda.
Sjekk ut www.fitjarfestivalen.no


Posted on 12 Jun 2012 by Torhild
Tida framover
I neste månad (Mai) er eg utleigd, og kjem ikkje til å vera på kontoret faste tider.
I veke 18, 20, 21 og 23 er eg ikkje på kontoret anna enn ettemiddag/kveldstid visst det er behov for det. Veke 19 og 22 vil eg vera på kontoret på formiddag/dagtid visst behov.
Ikkje nøl med å ringe eller sende ein mail visst du treng hjelp med noko i denne perioden!
Eg er tilgjengeleg heile arbeidsdagen.

I det siste har eg laga både plakatar, annonser og flyers.
Skal oppdatera heimesida med nye bileter etterkvart.


Posted on 26 Apr 2012 by Torhild
Logo-oppdrag ferdig
Eg er godt igang på nye kontoret i 2.høgda i "Theo-bygget". Har ikkje faste kontortider, men det er bere å koma oppom og sjå, eller ringe og avtale eit møte.
Eg har fått oppdraget med å laga logo til deFine gardsprodukt, i tillegg skal eg laga litt forskjellige produktdesign. No er logoen ferdig, og eg kan stolt vise den fram. Kunden er nøgd og då er vel den viktigaste jobben gjort. Takk for oppdraget!

Her eit bilete av korleis klistremerka kjem til å sjå ut.


Posted on 18 Apr 2012 by Torhild

<< Previous 1 2 Next >>

Content Management Powered by UTF-8 CuteNews